Floorknights: Et dukkehus
onsdag 4. juni 2008 kl. 20:00 på Det Norske Teatret og fire andre tidspunkter
Et dukkehus
Det var ein gong ein ung mann som var på veg heim til sin kjære. Han hadde ferdast langt og lengre enn langt, gått opp og ned dalar, klatra over små og store fjell, kryssa djupe og mørke fjordar.
No har han kome til ein stor mørk skog.
Det bryggar opp til storm, og han søkjer ly i eit forlate herskapshus.
Huset han har kome til er heimsøkt og forbanna av den døde Fru Cordelia.
Den mystiske enka kjend for å vere både barnsleg og vondskapsfull.
Ho hadde ei stor dokkesamling som ho elska over alt på jorda, til og med over sin eigen familie.
Myten seier at alle som kom innom herskapshuset hennar aldri kom seg ut igjen, men blei sperra inne som dokker i et dokkehus.
Historia er mellom anna inspirert av eventyret om Espen Askeladd og blir fortelt gjennom dans og skodespel. Framsyninga er eit gjestespel frå Floorknights.