Avlyst
Andvake

MUSIKALSK TEATERFORTELJING

Den virtuose tekstformidlaren Svein Tindberg og den erfarne regissøren Kjetil Bang-Hansen trekte fulle hus og strålande kritikkar med Markusevangeliet i 1995 og Apostlenes gjerninger i 2000. No er dei attende med Jon Fosses kritikarroste tekst til musikk av Benedicte Maurseth.

Alida og Asle er komne til Bjørgvin for å finne arbeid og ein stad å bu. Asle ber på eit feleskrin på ryggen, Alida er høggravid, men ingen vil gje dei rom for natta. Dei blir meir og meir motlause der dei går omkring i regnet. Med seg har dei minna om ei lykkelegare tid, då dei to møttest og straks skjønte at dei var meinte for kvarandre. Men vonde minne blandar seg også inn. Andvake er ei tvitydig historie, ei vakker og trist forteljing som blir til ei uhyggeleg legende.

Legg til ekstern kalender…