Absalong: Vår farlegaste oppfinning? Glimt frå rasetenkjinga si forunderlege historie


Jul og påske er gått sidan førre Absalong, og for å vege opp for vår lange ferie føler vi oss tvungen til å slå litt hardare på stortromma når vi først sett i gang. Vi kastar oss ned i djupet av det mest grumsete vi har av moderne idèhistorie: Rasismen! Nærare bestemt utforskar vi på komande foredrag på Absalong rasetenkjinga og raseforskinga si merkelege historie og konsekvensane av den. Ved hjelp av dr. art. Torgeir Skorgen frå Universitetet i Bergen skal vi følgje Vestens tankar om sin eigen og andres raser frå konseptet fødes på 1700-talet og fram til rasehygienen på 1900-talet, der Noreg skulle vise seg å bli eit føregangsland. Torgeir Skorgen er forskar, omsetjar og fagbokforfattar. Han har mellom anna gjeve ut “Rasens oppfinnelse: Rasetenkningens historie i Europa”, og skreve ei rekkje artiklar og essays om emnet. No jobbar han med eit postdoktorprosjekt om Wergeland, jødeparagrafen og toleransens historie.

Rasismen som oppstod på 1700-talet var eit forsøk på å dele verdas folkeslag inn i bestemte kategoriar, baserte på fysiske eigenskaper. Til desse vart det lagt til ein del moralske og kulturelle trekk, og folkeslaga vart i same stund rangert kvalitativt i forhold til kvarandre. I åra som følgde kom ulike raseforskarar til å vektleggje ulike forskjeller, og dele menneskeheten opp i enno fleire kategoriar. Fleire av desse kategoriane lev vidare den dag i dag i folks forestillingsverd. Torgeir Skorgen vil i sitt foredrag ta for seg nokre av dei morfologiske systema som rasetenkjarane tok i bruk, av både jordnær og meir absurd art, og moglegeins peike vidare til kva konsekvensar denne tenkjinga har fått i form av rasehygiene, og seinare etniske utrydningar.

I tillegg vil våre kjende og kjære DJar spele gullkorn og smaklause godbitar frå sine arkiv, og vi kan garantere alle oppmøtte ein lærerik og underhaldande kveld.

Legg til ekstern kalender…