Femten mann på død manns kiste (Ei gransking av sjørøveriets tidlege historie og populærkultur ved medievitar, journalist og piratolog John Færseth)

— Splitte mine bramsegl! Vi sparkar i gang haustsemesteret med kruttrøyk, kanonkuler og kjølhaling! Vi snakkar ekte maritim action med alle verdas mest berykta piratar; sjørøvarane som herja Karibien i dei gode gamle dagar. Frå Svartskjegg til Calico Jack, frå Anne Bonny til Mary Read, desse morderiske plyndrarane terroriserte heile flåter og skremte buksa av admiralar og monarkar. I film og litteratur er dei både skurkar og heltar, framstilt som skitne drapsmenn og grasiøse sverdsvingarar i trikot. Deira amoralske og anarkistiske tilnærming til verda har fascinert og trollbunde publikum sidan 1700-talet – frå Captain Johnson til Pirates of the Caribbean.

Sett av ein kveld til å utforske denne verda i lag med piratolog og “all-round entertainer” John Færseth, som vitjar Absalong den 25. august. Som piratolog har han fordjupa seg i skattekister og utallige flasker rom for å avdekke sjørøvarens sanne natur. Kom og høyr sanninga om blondeskjorter og ville skjegg, om kjølhaling og plankegong, om skattekart, skuter og kanonar.

Det er obligatorisk oppmøte for alle piratar då vi denne gong er sponsa av amerikanske Telltale Games, som denne somaren lanserar Tales of Monkey Island, det femte spelet i den legendariske pirateventyrspelet om Guybrush Threepwood. Dette tyder sjølvsagt at det vert konkurranse!

I tillegg vil Absalongs faste DJar by på besynderleg musikk, denne gong med eit særs maritimt tilslag – og vi oppmodar gladeleg til allsang om høvet skulle by seg. Dessutan har baren på Klar Bar nok av rom av ulikt slag, så det er all grunn til å ta med seg lommeboka. Det heile tar til tysdag 25. august, klokka 1900 på Klar Bar i andre etasje på Zachen, og det koster som vanleg 50 spanske dubloner å kome inn.

Kjem du ikkje er du ein fordømt landkrabbe og kan forvente å gå planken.

Vel møtt!

Legg til ekstern kalender…