Absalong: Gode vibrasjonar

Hysteriske kvinner, legestanden og vibratoren

Eit opplysande foredrag ved Kristian A. Bjørkelo

[Bilde]

Frå antikken til i dag har vi hatt eit uløyst problem: Å temme kvinna. I eldre tid rekna ein livmora som opphavet til kvinneleg ustyrlegheit, eller hysteri. Hippokrates meinte at nevrosar og galskap hos kvinna kom av at livmora hadde tørka inn som følge av mangel på seksuell omgang. Den innskrumpa livmora løsna og vandra rundt i kroppen og pressa på hjartet og lungene, der ho skapa pusteproblem og utagerende framferd – hysteri.

Det viktorianske samfunnet ga oss vidunderkuren, kvinnas beste venn: Vibratoren. Med denne nyvinninga kunne legane endeleg hjelpe dei hysteriske kvinnene utan å måtte slite med tidkrevjande, slitsom stimulering av vulva for hånd. Ei tid etter dette medisinske miraklet kom ein variant for heimebruk i salg, og blei raskt populær, med alle sine helsebringande kvalitetar.

Vår eigen Kristian A. Bjørkelo kjem for å samanfatte og utdjupe historia om vibratoren for oss. Det er enno ikkje klart om det blir praktiske øvingar. Bjørkelo er folklorist, skribent og kommentator, med ei sterk kjærleik til steampunk. Han har tidlegare studert, skrive om og haldt foredrag om tema relatert til nazisme. I 2007 snakka han for Absalong om rasekamp i science fiction.

I tillegg kjem vår eminente husteiknar, Kim Holm, for å vise at han ikkje berre kan teikne, men og klimpre på gitaren sin medan han syngjer falskt og sjarmerar hokjønna som er tilstades med lange, kastanjefarga krullar.

Med andre ord er det bare å holde av datoen tirsdag 1. desember for å feire medisinske framskritt med oss. Vi held til på Klar Bar, i andre etasje på Zachariasbryggen. Vi opnar dørene klokka 19.00, og det koster NOK 50,- å ta del i herligheita. Du må sjølvsagt vere av myndig aldar.

Legg til ekstern kalender…