Absalong: Kalis kvelarar

Den indiske kvelarsekta og dens endelikt

Eit foredrag ved Jan Ingar Thon

I fleire hundre år herja phansigarane, eller thugane om du vil, i det løynde i India. Det finnes ikkje tal på kor mange tusen menneske dei skal ha drept, før den britiske kolonimakta fekk has på dei. Vi skal altså til India i årets første Absalong, og til eit av dei mørkaste og mest besynderlege kapitla i moderne religionshistorie. Om du har sett Indiana Jones and the Temple of Doom vil du finne at den er overraskande nær sanninga når vår venn Jan Ingar Thon skal forelese om den indiske kvelarsekta og dens endelikt.

Jan Ingar Thon er religionshistorikar og forfattar, og hadde æra av å førelese om varulvar på den allar første Absalongkvelden, og vitja oss att i fjor då han haldt foredraget om anti-krist. No er han attende med nok ein av sine lidenskaper; den indiske kvelarsekta som ofra tusentals menneske i seremoniar dedikert til den indiske dødsguden Kali gjennom fleire generasjonar utan å verte tatt. Dei eksisterte kun som rykte og segn, kviskra om blant skrekkslagne bønder.

Dei slo til i varierande antal, avhengig av kor mange ofre dei hadde sett seg ut, alt frå små grupper på fire-fem til organiserte hærstyrker på fleire hundre mann. Alt for å tilfredsstille si blodtørstige gudinne Kali. Og dei etterlot seg ingen spor. Heilt fram til ein engelskmann med namn William Henry Sleeman ankom India. Og med hans iherdige innsats kunne den britiske kolonimakta rulle opp dei morderiske kvelarane og tryggje den indiske befolkinga ein gong for alle.

Dette vert med andre ord frykteleg spanande. Og morosamt!

Det vert som alltid musikals underhaldning ved våre faste DJar, og baren er som alltid stappfull av medisin for dei tørste. Så kom og varm deg hjå oss tysdag 9. februar på Klar Bar i andre etasje på Zachen. Du må vere av myndig aldar, og det kostar 50 spenn (alternativt 400 indiske rupi) å komme inn. På grunn av tryggleiken vil vi konfiskere alle silketørkle og tilsvarande kvelingsverkty ved inngangsdøra.

Legg til ekstern kalender…