Unge Werthers Lidingar

Ungdomsromanen av Johann Wolfgang von Goethes Die Leiden des Jungen Werthers, Unge Werthers lidingar er eit av dei store og retningsgjevande verka i verdslitteraturen, og kanskje er romanen den første bestseljaren i litteraturhistoria. Etter den første utgjevinga i 1774 blei romanen raskt omsett til ei rekkje språk. Den unge Werther gjorde Goethe berømt og blei symbol på eit ungdomsopprør mot opplysingstidas kalde fornuft.

Handlinga er enkel. Werther reiser ut på landet for å finne ro. I eit idyllisk miljø forelskar han seg i Lotte. Den unge jenta er allereie trulova og Wertehers forelsking blir meir og meir panisk. Han forsøker å flykte, vender tilbake til henne, og oppdagar at Lotte har gifta seg med den utkåra. Det endar med at Werther skyt seg. Slik blir kjærleiken til Lotte både den største opplevinga i Werthers unge og korte liv og undergangen hans.

Den store populariteten til dette verket er ikkje berre avgrensa til Goethes samtid. Denne tette, sterke kjærleiksromanen med ei tydeleg språkleg kraft er framleis i vinden. Som Goethe sjølv hevda: ”Det finst ein periode i ein kvar ung manns liv der han opplever at Werther er skrive nettopp for han.” Romanen er blitt filmatisert dramatisert mange gonger og spelt på scener verda rundt. Framsyninga vår er basert på ei ny, tysk dramatisering av Andrea Koschwitz og Jan Bosse. Unge Werthers lidingar er Jonas Corell Petersens diplomarbeid i regi ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Regi: Jonas Corell Petersen

Med: Torbjørn Eriksen, Marie Blokhus og Tobias Santelmann

Scenografi: Nia Damerell
Musikk: Gaute Tønder
Lys: Per Willy Liholm

Legg til ekstern kalender…