PrøveRommet - ein akustisk aftan!

[Bilde]

For første gong på Victoria Cafe og Pub! Me går for ein akustisk aftan i herlege omgjevnader på Vic. Dei Grenselause (les 2 Unlimited) kjem og syng hits omsett til nynorsk, Duoen Hans Magne Skard og Johanne Birkeland vil spela nokre viser, Vilde Tuv likeså samt Peder Henrik Solheim. Sistnevnte jobbar som musikar og låtskrivar med Verk (Preben Vetti)for tida. I tillegg får me nokre låtar av Andy Scisco som er independent singer/songwriter av multinasjonal opprinning. Sara Bruteig Olsen er til vanleg teaterdama men vil denne kvelden slå til med ein musikalsk happening! Me får og stand-up med London-heimkommaren Daniel Simonsen og tekst ved Harald Brynlund-Lima. All you need is akustisk!

Legg til ekstern kalender…
#dj, #tekst, #musikk