Innsirkling

Jon, Lars og Anders spelar i band. Dei er på lokalturné. Jon klagar over alle dei små og avsides dritstadene dei reiser til. Når han til slutt drar heim til mor si, slår både ho og FrP-broren fast at han er mislykka, forvirra og har svikta seg sjølv og alle ikring.

Silje er gift med ein velståande handelsmann. Ho er blitt forvandla til ei nevrotisk frue som kjenner tomheita sige innover seg. Hun føler at livet har stagnert. I ungdomsgjengen var Silje den som kom frå den spennande heimen, med ei mor som var så kulturell at ho alltid måtte ty til bestillingsutvalet på polet for å få vin som var god nok.

Presten Arvid skal døy av kreft. Han gifta seg med Berit, Davids mor, som aldri ville fortelje kven Davids biologiske far var. Folk lo godt da han og den rappkjefta Berit blei eit par. Og heldt fram å le da den kjekke organisten Samuel blei tilsett og gav kvinnelege namsosingar hetetokter. Berit inkludert.

Vi ser scenar frå livet deira, daglegdagse situasjonar, og trur vi kjenner dei. Så høyrer vi stemmene deira gå i dialog med og fortelje om David, og vi forstår at det vi ser føre oss ikkje er sanninga. Det kan verke som om dei legg ut trådar til det som til slutt skal bli til eit portrett av mannen utan minne. Men i staden sirklar dei inn seg sjølve, og det veks i tillegg fram eit merkeleg og magisk gruppebilde.

Legg til ekstern kalender…