Sunday Digestive: Hans Martin Austestad

Til min sjette solokonsert i rekka “For The Birds”, vil eg gjerne invitere alle som ein til Parkteatret Scene Søndag 20 Mars.

For The Birds har fått dette namnet fordi det som framsynast er noko fuglane får høyre lenge før det hamnar på scenen. Det blir song, banjo, gitar og kanskje ein prominent gjest eller to.

Det blir lavmelt, det blir høgrøysta. Eg kjem til å lese dikt og korttekstar. Eg kjem til å syngje acapella. Eg kjem til å syngje både på norsk og engelsk. Det burde vere rom for slikt på ein søndag. Vonar å sjå deg der.

Hans Martin

Legg til ekstern kalender…