Bergen Mandolinband

[Bilde]

Rabulistane, poetane og gatemusikantane i Bergen Mandolinband – denne eingong så myteomspunne, fargerike blomen i den norske musikkfloraen – skal igjen ut å lufte strengene. Kva som ligg i myta, eller om han i det heile tatt held vatn lenger, er beint fram ikkje godt å seie. Men sikkert er det i alle fall at dei framleis speler pretensjonane til pises.

Så ver vaken når Bergen Mandolinband speler ein stad nær deg – trø i mokasinane, ta deg ein hikkas, la skjorteflaket henge ute og stryk på dør!

Dette koster 100,-

Legg til ekstern kalender…