Vi som er hundre av Jonas Hassen Khemiri

Fredag 23 februar er det premiere på det fantastiske stykket “Vi som er hundre” av Jonas Hassen Khemiri.

Kl 18:00 i Spegelbaren, på selveste premieredagen er det først Bokbad med Jonas Hassen Khemiri. Dette vil være en samtale mellom Jonas og bokbadlederen Anette Orre. Gratis inngang.

Om stykket skriver Det Norske Teatret:

Menneska er ikkje heilskaplege. Du eller eg er ikkje éin person, men mange – til dømes hundre. Vi møter ei og same kvinne i tre ulike aldrar, dei snakkar med kvarandre, og dei blir aldri samde.

Jonas Hassen Khemiri er ein av Sveriges store samtidsforfattarar. Han har tunisisk far og svensk mor, og da han brakdebuterte med romanen Ett öga rött i 2003, blei han straks utropt til den store innvandrarforfattaren i Sverige. Han skreiv romanen i eit personleg språk, ei herleg blanding av rinkebysvenska (som svarar til kebabnorsk), arabisk, høgsvensk, engelsk, fransk osb.

Etter den formidable suksessen med debutromanen, som også blei dramatisert, byrja Khemiri å skrive dramatikk. Det første skodespelet hans heiter Invasion! og hadde premiere på Stockholms Stadsteater i 2007. Mykje av tematikken kjenner vi igjen frå romanen, og han viser ein utruleg sans for teatrets eigenart. Han er leiken, morosam og overraskande, men alvoret forsvinn aldri i historiene han fortel. Etter Invasion! har Khemiri skrive to nye skodespel: Fem gånger gud og altså Vi som er hundre. I dette siste skodespelet handlar det ikkje om innvandrarmiljø, men det har likevel ein typisk Khemiri-tematikk.

Regi: Trine Wiggen
Skuespillere: Kristin Grue, Ingunn B. Øyen, Ragnild Hilt
komponist: Thomas Bergsten
Videoscenografi: Marit Harnes

Snart kommer det en blogg som skal følge arbeidet vårt fram mot premieren! Velkommen skal dere være!

Legg til ekstern kalender…