URMAKARENS HJARTE

Ein eventyrthriller inspirert av norsk folkemytologi og moderne fantasylitteratur!
Etter strålande kritikkar og fulle hus under Førdefestivalen 2011, er
det klart for Oslopremiere 10. mai.

[Bilde]

På tolvårsdagen, eitt år etter at Runa mista mor si i ei ulukke, finn ho vegen inn i
ein mystisk skog. Her møter ho ei flaggermus som
fortel at tida har stansa, og at kjærleiken berre er eit ekko som
snart vil forsvinne. Har dette noko med Runa sin røyndom å gjere?

“Urmakarens hjarte” er ein magisk fabel om eit barn si sorgbehandling,
inspirert av norsk folkemytologi og moderne fantasilitteratur,
presentert med både humor og varme.

Med papercutscenografi, video og 3d-lyd er Urmakarens hjarte
eit visuelt og særeige lydunivers, med ein folkesongar og fire
skodespelarar på scena. I lag blir dette ein litt skummel, morosam og
vakker eventyrthriller for heile familien.

Teknisk avansert og underholdende Bergens Tidende.
Glimrande regi i ein utsøktscenografi NRK.
" Ambisiøs teaterforestilling som skremmer og beveger" Vårt Land.

Passar for vaksne, unge og barn frå sju år.

Av: Miriam Prestøy Lie. Regi & komposisjon: Torkil Sandsund. Scenografi: Dordi Strøm. Video: Amanda Steggel. Lydprogrammering og lydprogrammering: Trond Lossius. Lys: Torkel Skjerven. Skodespelarar: Per Vidar Annfinsen, Laufey Elíasdóttir, Morten Espeland, Unni Løvlid og Irene Waage.
Urmakarens hjarte er produsert av Sandsund/Lie i Dale i Sunnfjord i
samarbeid med Sogn og Fjordane Teater , Rogaland Teater og
Førdefestivalen. Stykket er støtta av Norsk kulturråd, Fond for lyd og
bilde, Fond for utøvande kunstnarar, BEK, Sogn og Fjordane fylkeskommune og
Sparebanken Sogn og Fjordane.

Legg til ekstern kalender…