Universal Indians med Joe McPhee
fredag 12. april 2013 kl. 22:00 på USF Verftet – Sardinen USF
JOHN DIKEMAN tenorsaksofon JON RUNE STRØM bass TOLLEF ØSTVANG trommer JOE MCPHEE saksofoner, lommetrompet
Frå frijazz i USA til solist med symfoniorkester i Egypt, Afrika-turne med Mohamed Mohounir til impro i Amsterdam, der han i dag har base. John Dikeman har fått til mykje i sitt enno unge liv. Samarbeidet med norske Strøm og Østvang har vist seg fruktbart der dei tar rennefart frå musikkarven frå Coltrane, Ayler og Cecil Taylor. Frijazzguru og multiinstrumentalist John McPhee har ei karriere i improvisert musikk tilbake frå seint 60-tal – eigentleg er han trompetist, men lærte seg sjølv å spela saksofon som 32-åring – og har undervegs samarbeida tett med Ken Vandermark, Peter Brötzmann og Evan Parker, så vel som våre eigne Cato Salsa Experience.