USF Verftet - Sardinen USF

USF Verftet sin klubbscene. Bergen Jazzforums faste scene, scene for AVGARDE, samt masse annet av konserter, selskaper, mm


Dette har skjedd på USF Verftet - Sardinen USF…

Søndag 1. desember 2013

  • 14:00 Bajazz; Gjertruds Sigøynerorkester, USF Verftet – Sardinen USF

    Bergen Jazzforum Presenterer:
    Saman med fiolinisten Gjertrud Økland og hennar band vil dei unge musikarane i RBU laga ein særprega og nyskapande konsert, basert på folke- og tradisjonsmusikk frå austeuropa med røt i sigøynermusikken frå Russland, Romania og framfor alt Ungarn. Eit hovudelement vil vera dei spanande tonale og rytmiske elementa ein kan oppnå gjennom improvisert sigøynermusikk, populærmelodiar, klassisk europeisk musikktradisjon og jazz.

Fredag 26. april 2013

  • 22:00 Seval, USF Verftet – Sardinen USF

    FRED LONBERG-HOLM cello SOFIA JERNBERG vokal DAVID STACKENÄS akustisk gitar EMIL STRANDBERG trompet PATRICK THORMAN bass Seval er eit svensk-amerikansk samarbeid som starta opp i 2008 og spelar musikken til Fred Lonberg-Holm. Ideen er å framføra komposisjonane utan arrangement og såleis forma dei i sanntid under konserten. Lonberg-Holm sjølv er ein viktig person i Chicago sitt musikkliv og er mest kjend for samarbeid med Peter Brötzmann og Ken Vandermark. Godt låtmateriale med framifrå …

Torsdag 25. april 2013

  • 21:00 Jazzout: Die Hochstapler, USF Verftet – Sardinen USF

    PIERRE BOREL altsaksofon LOUIS LAURAIN trompet ANTONIO BORGHINI bass HANNES LINGENS trommer Anthony Braxton og Ornette Coleman revolusjonerte synet på musikk og musikkvitenskap, Die Hochstapler (Svindlarane) tar musikken med seg vidare til eigne stadar. Med utgangspunkt i dei originale komposisjonane utforskar dei låtane med fleksibel tilnærming og ein forfriskande mangel på respekt.

Søndag 21. april 2013

  • 14:00 BAJAZZ: Kenneth Ekornes, USF Verftet – Sardinen USF

    100 land 100 instrument Når Kenneth Ekornes speler ser han heile tida for seg forskjellige landskap som han former til lyd og oppleving av rom, klang, rytmer og natur. Mellom anna hentar han inspirasjon – og samlar instrument – frå Brasil, Afrika, India og Noreg, og har dei siste 20 åra spelt i meir enn 50 land. Ver budd på dansing, samspel med publikum og masse energi.

Fredag 19. april 2013

  • 22:00 Jazz i sikte, USF Verftet – Sardinen USF

    Vinn en spillejobb på Nattjazz! Bergen Jazzforum, Nattjazz og VNJS ønskjer å stimulere jazzinteressa og rekruttering blant unge musikarar og gje dei sjanse til å visa seg fram på ei etablert scene. Med “Jazz i sikte” får unge musikarar presentert seg, og vinnaren blir premiert med ein spelejobb under Nattjazz.

Søndag 14. april 2013

Fredag 12. april 2013

  • 22:00 Universal Indians med Joe McPhee, USF Verftet – Sardinen USF

    JOHN DIKEMAN tenorsaksofon JON RUNE STRØM bass TOLLEF ØSTVANG trommer JOE MCPHEE saksofoner, lommetrompet Frå frijazz i USA til solist med symfoniorkester i Egypt, Afrika-turne med Mohamed Mohounir til impro i Amsterdam, der han i dag har base. John Dikeman har fått til mykje i sitt enno unge liv. Samarbeidet med norske Strøm og Østvang har vist seg fruktbart der dei tar rennefart frå musikkarven frå Coltrane, Ayler og Cecil Taylor. Frijazzguru og multiinstrumentalist John McPhee har ei karriere …

Fredag 5. april 2013

  • 22:00 Mikkelborg / Rypdal / Rypdal, USF Verftet – Sardinen USF

    TERJE RYPDAL gitar PALLE MIKKELBORG trompet MARIUS RYPDAL trommer, elektronikk Få gitarister i verda har eit sound som er så umiddelbart attkjenneleg som Terje Rypdal. Gjennom heile karriera har han vore ein vesentleg bidragsytar i både jazz, rock og samtidsmusikk og nyt stor respekt i alle leirar. Smått legendariske Palle Mikkelborg er kjend for samarbeid med mellom anna Miles Davis og NHØP, og har ei karriere som strekk seg over fleire tiår. Yngste Rypdal gjer slett ikkje skam på namnet sitt, …

Søndag 10. mars 2013

  • 15:30 ENSEMBLE AVGARDE – ET TVERRMUSIKALSK LABORATORIUM, USF Verftet – Sardinen USF

    Grafiske partiturer tolkes av en uvanlig instrumentbesetning. AVGARDEs prosjektenesemble er et møte mellom musikalske sjangre, som eksperimenterer med klangfarger og utforsker nye lydlandskap. Medlemmer: Øyvind Skarbø/ Perkusjon Sofya Dudaeva/ Fløyte Per Inge Hove/ Trøorgel I tilknytning til Borealis 2013, vil AVGARDE presentere tre musikalske innslag med Ensemble AVGARDE, der det tolkes grafiske partitur fra “Notations 2011” og skisser av Ruben Sverre Gjertsen. Torsdag 28. februar Manøver …

Lørdag 9. mars 2013

  • 17:00 ENSEMBLE AVGARDE – ET TVERRMUSIKALSK LABORATORIUM, USF Verftet – Sardinen USF

    Grafiske partiturer tolkes av en uvanlig instrumentbesetning. AVGARDEs prosjektenesemble er et møte mellom musikalske sjangre, som eksperimenterer med klangfarger og utforsker nye lydlandskap. Medlemmer: Øyvind Skarbø/ Perkusjon Sofya Dudaeva/ Fløyte Per Inge Hove/ Trøorgel I tilknytning til Borealis 2013, vil AVGARDE presentere tre musikalske innslag med Ensemble AVGARDE, der det tolkes grafiske partitur fra “Notations 2011” og skisser av Ruben Sverre Gjertsen. Torsdag 28. februar Manøver …

Torsdag 28. februar 2013

  • 19:00 ENSEMBLE AVGARDE – ET TVERRMUSIKALSK LABORATORIUM, USF Verftet – Sardinen USF

    Grafiske partiturer tolkes av en uvanlig instrumentbesetning. AVGARDEs prosjektenesemble er et møte mellom musikalske sjangre, som eksperimenterer med klangfarger og utforsker nye lydlandskap. Medlemmer: Øyvind Skarbø/ Perkusjon Sofya Dudaeva/ Fløyte Per Inge Hove/ Trøorgel I tilknytning til Borealis 2013, vil AVGARDE presentere tre musikalske innslag med Ensemble AVGARDE, der det tolkes grafiske partitur fra “Notations 2011” og skisser av Ruben Sverre Gjertsen. Torsdag 28. februar Manøver …

Fredag 7. desember 2012

  • 21:00 DANIEL LANOIS, USF Verftet – Sardinen USF

    DANIEL LANOIS gitar, vokal
 BRIAN BLADE trommer 
JIM WILSON gitar, bass Alle har høyrd lyden av Daniel Lanois. Som produsent for Peter Gabriel, Bob Dylan, U2 og Neil Young har han definert korleis pop og rock skal låte for ein heil generasjon. Som soloartist står han minst like stødig som gitarist, vokalist, låtskrivar og tekstforfattar. Med seg har han Brian Blade, med Joni Mitchell, Bob Dylan, Wayne Shorter, Seal, Bill Frisell og Emmylou Harris i skjeftet og Jim Wilson med bakgrunn frå Henry …

Fredag 30. november 2012

  • 21:00 SWEDISH AZZ, USF Verftet – Sardinen USF

    Jazz på Svenska i moderne drakt MATS GUSTAFSSON saksofon, elektronikk PER-ÅKE HOLMLANDER tuba, cimbasso KJELL NORDESON vibrafon DIEB13 turntables og elektronikk ERIC CARLSSON trommer Med Mats Gustafsson og Per Åke Holmlander i spissen, kjem 5 improvisatorar med kjærleik og respekt for svensk jazz frå 50- og 60-talet. Dette stoppar dei ikkje i å gje desse sterke, lyriske melodiane heilt ny drakt med elektronikk og fri improvisasjon. Dette er tradisjonsmusikk med samtidsstruktur og moderne …

Fredag 23. november 2012

  • 21:00 BOBO STENSON TRIO, USF Verftet – Sardinen USF

    Bobo Stenson flygel, Anders Jormin bass, Jon Fält trommer Stadig grensesprengande pianolegende Han var ein sensasjon saman med tidleg Garbarek, i mange år fast pianist for Charles Lloyd, har turnert med Stan Getz og har ein imponerande soloproduksjon. Bobo Stenson kan vera både vill og lyrisk, og står framleis som ein av dei viktigaste jazzmusikarane på den europeiske musikkscena i snart eit halvt århundre.

Fredag 16. november 2012

  • 21:00 JAZZLAND COMMUNITY, USF Verftet – Sardinen USF

    BUGGE WESSELTOFT tangentar KNUT REIERSRUD gitar HÅKON KORNSTAD saksofon MARI KVIEN BRUNVOLL vokal/elektronikk OLA KVERNBERG fiolin STEINAR RAKNES kontrabass ERIK NYLANDER trommer Stjernekveld! Jazzland er på vegen med nok toppnamn til å fylla ein heil festival, og Bergen er einaste norske stopp på Europaturneen. Forutan Bugge Wesseltoft, Ola Kvernberg trio og Knut Reiersrud, får vi høyra saksofonist Håkon Kornstad og makelause Mari Kvien Brunvoll, litt kvar for seg og litt ilag i nyare …

Torsdag 15. november 2012

  • 20:00 Dans Les Arbres, USF Verftet – Sardinen USF

    XAVIER CHARLES (F) klarinett, munnspill IVAR GRYDELAND (N) gitar shruti box CHRISTIAN WALLUMRØD (N) keys, synther INGAR ZACH trommer, elektronikk Fredfylt og kontemplativt, komplekst og harmonisk. Alltid originalt. Dans les Arbres byr på ei klangreise saman med alltid søkande Wallumrød i spann med franske Xavier Charles og SOFA-grundarane Ingar Zach og Ivar Grydeland. “Dans les arbres must be one of the finest ECM Improv releases – indeed, releases from any label – in recent years.” (Andy …

Fredag 9. november 2012

  • 21:00 The DECIDERS, USF Verftet – Sardinen USF

    Europeiske improvisatørar i verdsklasse OLE MORTEN VÅGAN kontrabass FREDRIK LJUNGKVIST saksofon RUDI MAHALL bassklarinett AXEL DÖRNER trompet JON FÄLT trommer

 Ole Morten Vågan mottok DnB NOR-prisen under Kongsberg Jazzfestival i 2009, og fekk høve til å setje saman gruppa Köenigsberg mynta på same festival året etter. Han valde seg fire av de mest interessante improvisatørene i europeisk jazz, og prosjektet blei så vellukka at Köenigsberg fort la ut på skandinaviaturné. I 2011 var Nattjazz …

Søndag 4. november 2012

  • 15:00 GIG-matiné feat Hilmar Jensson, USF Verftet – Sardinen USF

    HILMAR JENSSON gitar, div studenter v Griegakademiets jazzlinje GIGakademiet blei starta opp hausten 2010 som eit prosjektsamarbeid mellom Griegakademiet si jazzlinje og Vestnorsk Jazzsenter, der jazzstudentar fra Griegakademiet får anledning til å samarbeide med profesjonelle musikarar. Dette har sidan starten vore ein ubetinga suksess og blant musikarane som har medvirka tidlegare finn vi blant anna Jon Eberson, Gisle Johansen, Atle Nymo, Jørgen Mathisen og Kjetil Møster.

Fredag 2. november 2012

  • 21:00 CHRIS DAVE and Drumheadz, USF Verftet – Sardinen USF

    Verdas kulaste trommis med verdas kulaste band CHRIS ”DADDY” DAVE trommer BRAYLON LACY bass KEBBI WILLIAMS saksofon ISAIAH THOMAS gitar CLEO SAMPLE tangentar Slå saman musikarar frå Erykah Badu, Mos Def, Outcast og D’Angelo og den kulaste trommeslagaren i verda, og du er på ei funky reise det er umogleg å sitje stille til. Chris “Daddy” Dave har også bakgrunn frå banda til Me’shell N’Degeocello, Kenny Garrett og Dolly Parton. Ekstremt virtuost, men samstundes svingande og dansbart. …

Fredag 26. oktober 2012

  • 21:00 Maria João & Mário Laginha – Chocolate, USF Verftet – Sardinen USF

    MARIA JOÃO vokal MÀRIO LAGINHA flygel Då Maria João spelte inn si første plate i 1983 var det Laginha som var pianisten, og samarbeidet deira har no vart i over 25 år. Sjølv har ho snart 20 plater i eige namn og har mellom anna jobba med Joe Zawinul og Jan Gunnar Hoff. Med ein melankolsk nerve frå fadoen og ei stemmeprakt på høgoktan er dette perfekt å varma seg på ein haustkveld. Konserten vert arrangert saman med Bergen Internasjonale Musikkfestival