Seval

FRED LONBERG-HOLM cello SOFIA JERNBERG vokal DAVID STACKENÄS akustisk gitar EMIL STRANDBERG trompet PATRICK THORMAN bass

Seval er eit svensk-amerikansk samarbeid som starta opp i 2008 og spelar musikken til Fred Lonberg-Holm. Ideen er å framføra komposisjonane utan arrangement og såleis forma dei i sanntid under konserten. Lonberg-Holm sjølv er ein viktig person i Chicago sitt musikkliv og er mest kjend for samarbeid med Peter Brötzmann og Ken Vandermark. Godt låtmateriale med framifrå improvisatorar.

Legg til ekstern kalender…