Høgt oppe i fjellet

[Bilde]

Gjennom musikalsk leik med lydar og rørsle blir dei minste tatt med på ei eventyrreise høgt oppe i fjellet. På vegen møter vi dyr og høyrer fossen bruse. Ei forunderleg og rar lita verd!

Fri fantasi
Handlinga er abstrakt og kommuniserer til alle sansar samstundes gjennom lydar, rørsle, musikk og mimikk. Forteljaren nyttar eit ukjend språk. På den måten stiller vaksne og barn likt i møtet med det forunderlege som skjer inne i teltet. Kanskje noko minner om historier du kjenner frå før?

Tredje baby-prosjekt
Dette er Hanne Dieserud og Christina Lindgren i samarbeid med Ratkje har tidlegare stått bak danseframsyninga Inni min klode på Dansens Hus, og babyoperaen Korall koral på Den Norske opera og Ballett, som til no er sett av over 17.000 publikumog har spelt i sju forskjellige land. I Høgt oppe i fjellet er det skodespelarens formidlingskunst som står i sentrum.

Framsyninga blir spela på dagtid kl. 11 og 13, og er for barn i aldersgruppa 0-3 år. Det heile varar i 20 minutt, etterpå blir det tid til leik i teltet.

Legg til ekstern kalender…