Sudan Dudan på Kulturhuset

Sudan Dudan kjem attende til Oslo med plata “Inntil i Dag” som har fått fantastiske meldingar etter releasen tidleg i oktober. På Kulturhuset, plassert sentralt på Youngstorget i Tigerstaden, kan ein laurdag 16.november høyre kva dei og produsent Odd Nordstoga har klart å utrette saman i Propeller studio – live!

Pressa om “Inntil i Dag”:

VG: ”deres stemmer skaper noen av de fineste duettene på denne siden av Atlanteren”
-Terningkast 6

Varden: ”For et fantastisk lydbilde. På alle mulige måter”
-Terningkast 6

[Bilde]

Materialet er bygd rundt same malen som før, Marit Karlberg si vakre stemme og langeleiken hennar blendande vakkert og originalt sett saman med gitarspelet og koringa til Anders Røine, men med innslag av produsent Nordstoga og eit par gjestemusikarar på utvalde låtar har duoen lagt løpet for å nå eit breiare publikum enn tidlegare.

Sudan Dudan er møtet mellom Jotunheimen og Appalachene, det er originale arrangement av norske folketonar, tydeleg inspirert av amerikansk old time musikk og vestafrikansk ørkenblues. Dei leverer eit fullendt, akustisk og vakkert univers der gamle historiar om riddarar, prestar, fattigfolk og jomfruelege kongsdøtre vert gjort tidlause og like lite geografisk fastbundne som dei eingong var….

Marit Karlberg – langeleik og vokal
Anders Erik Røine – gitar, munnharpe og vokal

Legg til ekstern kalender…