Vaterlandsparken
Mellom Vaterlands bru, Akerselva, Oslo Plaza Hotel og Lilletorget. Plassen vart opparbeidd av Oslo kommune i 1993-1994 på eit område som eigentleg var regulert til islamsk kultursenter og gjekk under namnet “moskétomta”. På grunn av planane om å bygge moské her, ligg både Oslo Plaza Hotel og konsertscena Oslo Spektrum vendt mot Mekka. Namnet Vaterland er opprinneleg nederlandsk og kjem av Waterland, som kan bety “vasstrukke lende” eller “landet utanfor vollgravene”. Området kom i bruk under trelasthandelen med nederlendarane på 1600-talet, og blei innlemma i byen i 1839.